Derfor har eg ikkje nyttårsforsett

Foto:Kent Skibstad

Foto:Kent Skibstad

Det er 1. januar. Me er på veg til å kome oss ut av jôlemat-og-nyttårskalkunkomaen. Mange av oss ser på eit nytt år som ein ny start. Mange av oss brukar faktisk heile romjôla til å tenkje ut nye mål å setje oss. Aller helst skal dei gå på tvers av oss sjølv.

Me kastar sigarettpakken ut vindauget, hiv chipsposen i omnen, samstundes som me bedyrar at me aldri skal drikke Cola meir og i alle fall ikkje ete sjokolade. Ikkje skal me sjå på TV meir enn ein halvtime per dag, og i alle fall ikkje bruka så mykje tid på Facebook og Twitter som til dømes eg gjer. Ungane skal sykle til skulen, me skal sykle til jobb, matpakkane skal vere eit samansurium av gult og grønt, kaffien skal ut av huset, pengane skal planleggast nøye, og me skal planlegge kvart skritt me tar i løpet av ein dag enno litt betre. Me skal ikkje snakke stygt til familiemedlemer, raudvinsutskjelle vener, slåss i fylla, krangle med ungane eller skrike av frustrasjon nokonsinne meir. Eg praktiserar ikkje sånt lenger. Eg har innsett at nyttårsforsetta, i tillegg til å vere ein graverande demotivasjonsfaktor, òg er eit symbol på noko eg ikkje trur på. Mange av oss er kanskje så opptatt med å bli betre, eller best, at me gløymar å laga vår eigen definisjon på det ordet: “betre”. I staden for går me altså inn i det nye året med forknytte skuldre og ein tanke om at alt skal bli godt og me likeså dersom me klarar å gjennomføre dette.

For meg er nyttårsforsetta blitt feil måte å tilpassa seg samfunnsnormen på.Eit patetisk siste forsøk på å bli vakker som ei filmstjerne, veltrent som Kari Jaquesson og sunn som den flinkaste ernæringsfysiolog. Eg har heller lyst til å byrje året med tanken om at eg er god nok. Det er me alle. Ikkje berre fordi eg trur ein kan bli sur som ei fele av å slavisk følgje lista over nyttårsforsett til ein sprekk, men òg fordi eg heilt genuint har tru på det som bur i mennesket, og ikkje det som kvar enkelt av oss vel som fasade.

Eg trur ikkje at det å tilpasse seg samfunnets, eller kanskje medienes, fastsatte og stadig forandrande norm gjer oss lukkelegare. Det blir ofte mange personlege nederlag av slikt. Og eg trur at om ein skal setje seg sånne mål, kan ein like gjerne gjere det i mai, og lage dei litt mindre. Når heile livet vårt baserar seg på vala me tek uansett, er det ikkje noko spesielt med nyttårsforsetta for meg likevel. Det er våre eigne val, uansett kva det gjeld, vala me tek heile resten av året, og det å vera tru mot dei og mot seg sjølve, som er viktig.

Me lyt leva etter loven, sosiale spelereglar, dei signala kroppen vår sendar ut, og eigen trivselsfaktor, tenkjer eg, og så er me gode nok.

Til sist, no når eg finn meg sjølv innerst i “kjenslehjørnet”, vil eg gjerne nytte anledninga til å takka. Alle dykk som har lese og/eller delt stykkene mine. Kanskje spesielt dykk som har deltatt i diskusjonane her i bloggen min. Utan dykk hadde ikkje det å blogge vore det same. Viss det engasjementet eg ser i bloggen under kvart stykke er representativt for befolkninga, er eg ikkje bekymra for valdeltakinga i 2013. Eg håpar at dykk som kommenterar fast med konstruktive tilbakemeldingar, fortset å skrive til meg. Eg håpar at fleire nye kjem til – slik at debattane kan få eit enno større perspektiv. Dette er utruleg lærerikt for ein ung, fersk politikar! Eg håpar på eit 2012 med meir engasjement, eit sterkare demokrati og kjærleik i sentrum.

Ein ting til: eg har kanskje ikkje forsett; men eg ønskar meg fem ting for 2012:

    • Meir engasjement rundt klimaspørsmål. At me ikkje berre fokuserer internasjonalt, men òg her me er, akkurat no. Meir debatt rundt dette – jatakk!
    • Meir debatt rundt kontantstøtta som fenomen. Enkelte kommunar har innført kommunal kontantstøtte for toåringar. Eit tilbakeskritt.
    • Meir fokus på samferdsel. Kolumbus sine bussar fungerar knapt. Me treng ei ny løysing; og det fort. Kolumbus må samarbeide med folket. Dette er jo òg klimapolitikk – og busselskapa bør vere under lupa.
    • Meir engasjement rundt likestillingsdebatten. Ikkje minst frå menn. Me må alle kjempa for like rettar og lik trivsel. Likestilling er, trass alt, vinn/vinn for menn òg.
    • Styrka ytringsfridomen. Ytringsfridomen er eit direkte resultat av eit velfungerandre demokrati. Det er eit teikn på ei trygg befolking som alle har ei røyst. Me må aldri gløyme ytringsfridomen, men gi han rom til å vekse konstruktivt – og bruka han aktivt. Ikkje minst må me oppmuntre kvarandre til å benytta seg av han – så får me ta debatten som kjem etterpå. Den er òg nyttig.

Med desse ønska og håpa for 2012, har eg berre ein ting igjen å seie: Ha eit triveleg og godt nytt år!